tysdag 23. august 2011

Great barrier reef




Snorkling og dykking (!). Kathrine fekk endeleg sett si første havskilpadde og Lars Erik fekk endeleg prøve å dykke. Kjempekjekt, heilt til ein mann spydde på LE på veg heim...

fredag 12. august 2011

Surfing


Leikande lett - eg tek det i blinde. Eller ikkje.
Det var Kathrine som eigde desse bretta. Ho stod fem bølger før ho blei våt i håret!


Konkurranse der siste mann i vatnet slapp å lage middag;)

måndag 8. august 2011

Surfers Paradise


Etter flyturen til Brisbane plukka vi opp campingbilen, og køyrte ned til Surfers Paradise. Her fekk vi treffe igjen søskenbarnet til LE, Tuva, som studerar/jobbar her nede. Grådig kjekt. Vi blei hos slekta i to dagar, før landevegen kalla igjen.

Meir Sydney


Tok ein båttur til Manly her om dagen. Fint der også.
Knipsa sjølvsagt nokon bilder;)


onsdag 3. august 2011

Sydney

Nokre små glimt fra veka vår i Sydney.
Vi har fått sett ein del av byen - har vært skikkelig turistar og vært på rundtur med sightseeing-buss bl.a. :)
Har vært på Bondi Beach, sett Operahuset og Harbour Bridge, trakka gatelangs i store delar av sentrum, dagstur til Blue Mountains, Hillsong mm.
Idag er planen å ta ein båttur til Manly Beach, og forhåpentligvis knipse litt bilete av Operahuset og Harbour Bridge i skumringa :)


Bondi Beach.


Operahuset.


Hillsong i sentrum.

Fartsmaskin


Slik såg badboyen vi leigde i NZ ut. Berrre ein positiv ting å seie om den; automatgir.
Likevel gjorde den jobben, og vi kom oss rundt på Nordøya.

fredag 29. juli 2011

Rotorua

Rotorua har eit veldig spesielt vulkansk landskap, og også ei spesiell lukt. Heile byen luktar svovel, og det "poppar opp" varme kilder og damp fra bakken over alt. Vi har sett geysir, kokande innsjøar, boblande gjørme og andre fasinerande naturfenomen.
Vi har også vært innom "Polynesian Bath", som er eit spa med ulike varme kilder ein kan bade i heilt nede ved innsjøen. Lufttemperaturen ute var rundt 10 grader, medan temperaturen i vatnet var omtrent 38 grader. Det var ikkje feil.


Geysir


'Frying pan lake'


Kokande gjørme


Polynesian bath