søndag 1. februar 2009

Direktefly (om møre)

Tysdag skulle eg, Lars erik, fly til bake til Oslo etter eit kompis-oppdrag med Bjarte på Nordfjord folkehøgskule.  Vi hadde med andre ord vore heime på Sandane.  På grunn av eit ikkje heilt ubetydeleg magesjau måtte eg utsette reisa. Eg skulle få eit direktefly dagen etter. 
 Vel oppe i lufta sa kapteinen plutseleg at dette ikkje var eit direktefly, men at vi skulle oppom Hovden (Ørsta/Volda) for å døype flyet.  Dette skulle berre ta 15 min. Uflaks for meg som ikkje orka synet av verken kaker, ein ny innsjekk, ordførarar eller journalistar. 


Eg overlevde turen, og er glad for at det nye Eiksundsambandet har gitt ei slik flyauke at dei har måtta sett inn eit nytt fly på ruta! Avstanden frå Oslo til min andre heim, Flusund i Fosnavåg, blir med fly over ni timar kortare en med buss!

0 kommentarer: