onsdag 10. juni 2009

Sommarferie


Då er det berre timar igjen til siste eksamen og til sjølvaste sommarferien.
Eksamensperioden har vore ekstra lang i år, med 4 eksamenar (6 ulike fag) og med bryllupstankar i hovudet.
Men på skulen har eg ein skikkeleg bra gjeng å lese med. Eg vil takke dokke for årets samarbeid, prat, galskap, vitsing og diskusjonar;)
Det skal riktig nok bli godt med ferie, men eg gledar meg allereie til hausten, og nye utfordringar som skal diskuterast og bereknast. Vi får berre håpe at frk.Hallberg kosar seg i Australia, og at vi overlever med berre hanar i korga... God sommar kara, og jenta!

(Legger ved eit heilt vanleg bilete av ein heilt vanleg dag på skulen)

0 kommentarer: