
Sist helg var eg på tur med 6 av gutta i klassa mi. Turen gjekk til Mo si hytte ved Sætersjøen, eit nydeleg område med eit ikkje fullt så nydeleg fiske. -I alle fall ikkje denne helga.

Vi fiska etter gjedde og abbor heile dagen, men kun dei lokale heltane Våge og Mo fekk napp. Vi andre naut kanoturen, og synet av naturen og beverfamilien.

Og til slutt, eit bilete av "flanellskjorta sitt originale tilbehør", som sjølvsagt var med på turen.
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar